Facebook
Gå til innholdet
Lukk
PLaggefjellheim

18 Eit refleksjonsnotat om FEI og meg

Ingar Pareliussen startet som naturfaglærer ved DMMH 1. august 2007. Han ble ansatt i 15 % stilling som prosjektutvikler ved FEI Oppdragsenheten i 2008 og videre som FoU-leder ved DMMH i 2009. 
Av Ingar Pareliussen.

Pareliussen ble leder for FEI-FoU-enheten i august 2010, med 50 % stilling som leder av FEI og 25 % stilling som FoU-leder. Han gikk av som leder av FEI-FoU-enheten i august 2014 og ble prorektor for FoU og oppdrag, og har slik fremdeles ansvar for FEI.

Eit refleksjonsnotat om FEI og meg - Av Ingar Pareliussen
Det er ikkje heilt lett å skrive eit par sider om noko ein kunne skrive ei bok om. Det er mange ulike måtar å velje tema og innfallsvinklar på. FEI hadde ei lang historie før eg starta å arbeide  der, og kva som endra seg og kvifor er vanskeleg å vite i så nær ettertid. Eg vil tru at det vil stå meir tydeleg fram om nokre år. 

Det er og vanskeleg å vite kva sjanger ein skal legge seg på, er det vitskapleg eller er det meir leksikalsk, skal det vere ein tydeleg forteljarstemme, eller skal det vere passiv tredjeperson? Etter å tenkt på det ei stund så har eg funne ut at det må bli ei personleg forteljing, med islett av fakta. Ein biografisk tekst med andre ord, mine subjektive erfaringar som prosjektutviklar, leiar og ansvarleg for FEI frå 2008 til 2015.

Dei som les denne korte teksten, vil nok synast at eg ikkje tek med det viktigaste, eller at det er ting eg gløymer, eller huskar feil. Det stemmer nok. Men eg har prøvd å tenke på kva det var av endringar eg var med på, kva endringar som skjedde i verda rundt FEI, kva vi endra på sjølv og kva som vart endra for oss. 

FEI har alltid hatt mange ulike oppgåver på mange nivå, og slik var det også da eg var leiar for FEI i tre år frå 2010 til 2014. På det øvste nivået skulle FEI hjelpe høgskulen til å fylle opp stillingar slik at tilsette kunne ha full jobb hjå DMMH. På den andre sida skulle FEI vere eit tilbod for barnehagar, barnehageeigarar og barnehagemyndigheiter, fylkesmenn og stat til å kunne kjøpe forskingsbasert kunnskap om barnehage.
Å tene pengar for DMMH var aldri høgt oppe på agendaen i mi tid, men det var eit ønske frå Styret og leiinga frå DMMH at FEI skulle ha eit lite overskot.

På nivået under var dei ulike måtar FEI og DMMH skulle levere denne kunnskapen på til samfunnet rundt oss. Ofte blir dette delt opp i etter- og vidareutdaning, der etterutdanning er kurs og konferansar som ikkje gir studiepoeng, og vidareutdanning studium som gir studiepoeng. Men vi har alltid hatt to delar til, og det var barnehagebasert utviklingsarbeid, som vi internt har kalla veiledningsoppdrag, og oppdragsforsking. Det meste av dette var i mi tid uforandra og opererte som tidlegare.

I dette refleksjonsnotatet vil eg heller fokusere på eit par ting som endra seg i tida frå 2009 til 2014. Det første var at det kom ein klar beskjed frå leiinga om at FEI skulle prøve å auke den ekstern finansieringa av FoU, og at samfunnet, då spesielt Fylkesmannen, Utdanningsdirektoratet og Kunnskapsdepartementet, ønska at vi skulle tilby meir vidareutdanning.

Ole Fredrik Lillemyr var leiar på FEI og ansvarleg for prosjektutvikling fram til hausten 2008. Etter det tok Sissel Mørreaunet over som leiar av FEI, medan prosjektutviklinga vart utlyst internt, og Kari Emilsen, Berit Groven og eg tok over prosjektutviklinga. Det var lite klare føringar frå FEI og leiinga om kva vi skulle gjere, vi hadde eit minimum innteningskrav som gjekk ut på at vi skulle skaffe minst 500 000 i nye prosjekt kvart år, men elles var det lite styring av kva vi skulle søke på. Samtidig vart eg spurt om eg kunne tenke meg å ta halvparten av FoU-leiinga ved høgskulen. Det gjorde at eg i 2008-09 hadde 20 % prosjektutvikling og 20 % FoU-leiing.

Vi bestemte ganske fort at vi ikkje skulle gå etter store prosjekt, men prøve å starte i det små og bygge den eksternfinansierte delen opp med å legge stein på stein. Vi hadde ein todelt strategi, vi skulle prøve å halde finansieringskjeldene under oppsyn, og når det kom relevante utlysingar, skulle vi kople saman utlysingar med personar vi visste kunne utføre oppdraget. Det var eit ønske å bruke så mange personar som mogeleg. Men korte tidsfristar og få tilsette som hadde erfaring med å skrive søknadar, gjorde at vi ofte måtte involvere oss sjølv i skrivinga av søknadar, og utvalet av tilsette vart nok mindre enn vi utgangspunktet ønska. I 2009 slutta Berit Groven som prosjektleiar, og det var Kari Emilsen og eg som var igjen. Sjølv om FoU-leiinga i starten ikkje hadde noko med FEI å gjere, er det naudsynt å ta eit sveip innom leiinga av FoU og korleis denne endra seg, for å forstå korleis FEI og prosjekt utvikla seg i min periode som FEI-leiar.

I 2010 vart leiingsstrukturen ved høgskulen endra. Høgskulen vart delt opp i tre avdelingar, der FEI vart lagt i ei avdeling med Else Berit Skagen som leiar. Eg fortsette som FoU-leiar og vart i tillegg leiar av FEI. Det betydde at frå å vere eit demokratisk organ, FoU-utvalet, som bestemte FoU-strategien, og der FoU-leiaren leia organet, vart FoU-utvalet til eit rådgjevande organ med avdelingsleiaren som styrte FoU-strategien. FEI-FoU-leiar-rolla utforma eg i samarbeid med den nye avdelingsleiaren. Ønsket til høgskulen var å få kopla tettare saman FoU, EVU og oppdrag. Dette var ein naturleg tanke med bakgrunn i kunnskapsløftet og ønske om eksterne middel for å finansiere meir FoU. Endringa var vellukka på nokre område, men ikkje alle. 

Ei av dei store endringane vi gjorde, var å prioritere større søknadar, det betydde at vi ville bruke meir krefter på store søknadar og ikkje bruke så mange på dei små. Vi vona nok at dei små skulle komme uansett, og etter kvart som vi arbeidde med dei store prosjekta, så ville desse også komme. Høgskulen hadde fått NFR-prosjektet «Management for learning» i 2009, som var det første NFR-prosjektet DMMH hadde leiinga for. Vi har vore med i fleire som underleverandørarar og partnarar. Vi satsa på å skrive minst ein søknad på alle utlysingar frå NFR, og prøve å finne partnarar som vi kunne vere saman med på EU-søknadar. Tilslagsprosenten visste vi var låg på store prosjekt, rundt 10%, slik at vi visste at det kunne ta mange år før vi fikk tilslag på eit nytt prosjekt. Og vi ventar enno.

Talet på søknadar om små prosjekt har nok gått ned når vi har brukt prosjektutviklarane til store prosjekt. Eg har også inntrykk av at det er tyngre for prosjektutviklarane å arbeide med store prosjekt, og det slit meir på motivasjonen. På små prosjekt skriv ein fleire og mindre søknadar, og får fleire innvilga enn på store.  Dei store må ein investere mykje i, og dei er tunge å drive. Mange gonger har eg sett at prosjektutviklarane frå å skulle ha ein støttande funksjon for dei som skriv søknadane, har måtta gå inn og drive søknadsprosessen. Det er forståeleg, men ikkje slik vi hadde tenkt det. Volumet på små prosjekt ser ut til å ha gått ned, men små prosjekt er framleis ein viktig måte å få inn ekstra forskingstid på. 

Vidareutdanning har endra seg ein del i den tida eg har erfaring frå, det gjeld både måten den blir organisert på, og måten den skjer på. Før eg overtok som leiar på FEI, vart det bestemt at vidareutdanningar skulle bort frå FEI. Med vidareutdanningar  meiner vi då studiepoenggivande etterutdanning. Etterutdanning er alt som gir kompetanse, men som ikkje gir studiepoeng. Det var Studieadministrasjonen som skulle drive fram og organisere vidareutdanningane. Det vart tydeleg for meg da eg overtok FEI-leiinga, at SA ikkje hadde kapasitet til å drive sal av vidareutdanningar, og heller ikkje utviklinga av dei. Samtidig møtte vi på FEI større trykk frå Utdanningsdirektoratet (Udir) og fylkesmannen for å sette i gang vidareutdanningar, slik som PUB (Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen), KOMPASS (Kompetanse for assistentar) og ABLU. ABLU står for Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning. Det tidlegare vedtaket vart derfor raskt gjort om, og FEI fekk igjen vidareutdanningane. Det var også eit ønske om å utvide med fleire vidareutdanningar, men det var ikkje kapasitet til å gjere det i min periode. 

Namnet på eininga var og ein lang sak. Eg skal ikkje ta med alle ulike namn som FEI har hatt, og kva bokstavane har stått for, men berre peike på at I-en har vore spesielt vanskeleg. Den stod for informasjon, men så stod den kanskje litt for internasjonale studiar, eller kanskje berre for internasjonalisering. Vi diskuterte om vi berre skulle heite Oppdragsenheten, men FEI var jo eit godt innarbeidd merkenamn. Til slutt vart det bestemt at vi ikkje lenger skulle la bokstavane stå for noko, men kalle oss FEI Oppdragsenheten. Men det var det ikkje plass til på menyen på websida ...

Plasseringa av FEI i organisasjonen var og ei sak som valda mykje bry. Da eg starta på FEI, skulle FEI vere ei eiga fristilt eining som hadde økonomi fristilt frå resten av høgskulen. Dette gjorde at FEI leverte eigne rekneskap og budsjett og hadde innteningskrav. Det gjorde at FEI var ganske fristilt, og eg trur nok at leiinga ved DMMH til tider kunne synast at FEI var noko for fristilt. Det vart derfor viktig for meg som leiar av FEI å bringe FEI tilbake til folden, og vere tydeleg både oppover og nedover i systemet på at FEI var ein del av DMMH. Dette synest eg fikk god støtte både frå leiinga og frå dei tilsette på FEI, og med den nye økonomistyringa og kontoplanen var det lettare å få bukt med tanken om hovudbølet og satellitten. 

I ettertid ser eg jo at når ein arbeider på FEI, så har ein ei veldig spesiell rolle. Vi ser DMMH både innanfrå og utanfrå. Vi ser våre tilsette som gruer seg til å reise ut, gleder seg når dei har vore ute, som er slitne og har travle dagar, men likevel ønskjer å strekke seg for FEI og for DMMH. Vi treffer og dei som har vore i kontakt med DMMH på ulike vis, som tidlegare studentar, som timelærarar, som oppdragsgivarar og som samarbeidspartnarar. Vi må både ta pulsen på det indre livet på DMMH og finne ut kven er det som har noko på gang som praksisfeltet kan vere interessert i, og vi må ta pulsen på det som går føre seg der ute, slik at vi kan tilby det dei spør etter. Vi må lese stortingsproposisjonar, kronikkar og politiske utspel slik at vi er klare til å fange endringar og tendensar i tida. Det er slik ein veldig spennande arbeidsplass som gir ein mykje, samtidig som det er utfordrande å stå i spagat i år etter år mellom praksis og høgskule. Men eg synest, alt i alt, at vi gjer det bra i spagaten. Eg brukar ordet vi, for ein gong FEI, alltid FEI.