Gå til innholdet

Sesjon D kl. 12.30 - 14.00

Rom 1426: Skole og samfunn

På tide å ta farvel med ein sosialt urettferdig praksis?

Rønningen, Elisabeth - NTNU, PLU
Skulen ber ei rekke praksisar som ikkje er godt pedagogisk grunngjeve. Eg hevdar i denne presentasjonen at lekser er ein av desse praksisane. Litteraturen livnar ingen tvil om at born med ein sosioøkonomisk fordel tener på at ein opprettheld denne praksisen. Dette samsvarer dårleg med politiske føringar om ein skule som skal utjamne sosiale skilnader og ein læreplan som vektlegg at «større likskap i resultat blir skapt gjennom ulikskap i den innsats som blir retta mot kvar einskild elev» (Generell del av læreplanen).

Samstundes, dess grundigare ein utfører studiar angåande samanhengen mellom lekser og skuleprestasjonar, dess vanskelegare er det å finne at å gje lekser gjev nokon fordel (Kohn, 2012).

Andre faktorar forklarar skuleprestasjonane. Med bakgrunn i nasjonal og internasjonal forsking på lekser vil eg argumentere for at det er gode grunnar til stille spørsmål ved denne etablerte praksisen.
 
Oppdatert