Gå til innholdet

Merittering av utdanningsfagleg kompetanse ved DMMH

I brev frå KD 23. juni 2017 om Meld.St.16 (2016-2017) - Kultur for kvalitet i høyere utdanning- blir alle institusjonar i UH-sektoren bedt om å innføre eit lokalt tilpassa meritteringssystem for utdanningsfaglig kompetanse, seinast våren 2019.

Bakgrunn

I brevet står det: «Institusjonens meritteringssystemer må legge til grunn at kunnskap om hva som faktisk bidrar til studentenes læring må være bærende for utformingen av systemene.  Samarbeid og deling må tillegges vekt når kriteriene for merittering utarbeides, og fagfellevurdering bør inngå i prosessen med tildeling av status som merittert underviser».

DMMH har eit personale med sterk utdanningsfagleg kompetanse. Våren 2018 har DMMH sju dosentar og 12 førstelektorar som alle har spesielle kvalifikasjonar innanfor undervisning eller annen pedagogisk verksemd. Over 90 % har pedagogisk utdanning som førskolelærar, barnehagelærar, grunnskolelærar eller praktisk pedagogisk utdanning. Omlag 50 % av dei fagleg tilsette har i tillegg minst 15 stp universitets- og høgskulepedagogikk.

Digitale verkty i undervisning og evaluering er eit område som vi skal styrke ved DMMH. Det er derfor ønskeleg med utviklingsarbeid i bruk av digitale verkty. Det er også andre interessante utviklingsarbeid som er moglege og ønskelege, så vi set ikkje bruk av digitale verkty som eit krav, men det er eit sterkt ønske frå leiinga.

Vårt system tar utgangspunkt i den generelt høge utdanningsfaglege kompetansen blant dei tilsette og har mål som er godt over det generelle nivået, samtidig som det ikkje går på tvers av arbeid med opprykkssøknadar etter forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger. Merittert underviser er eit supplement til professor- og dosent-løpet, men vi vonar at ordninga vi legg oss på kan vere nyttig for opprykk.

Ved fleire andre institusjonar har meritteringssystem vorte knytt til eit personleg lønnsopprykk, slik DMMH har ved opprykk i professor- og dosent-løpet. Vi må få erfaringar med systemet og/eller ha eit estimat for talet på meritterte undervisarar før vi eventuelt gir automatiske lønnsopprykk eller andre utbetalingar.

Krav til status som merittert undervisar ved DMMH

Godkjend av Høgskulestyret 24. april 2018

Det vil vere ei utlysing om merittering ein gang i året for å gjere handsaminga av søknadane konsentrert. For å bli merittert undervisar ved DMMH må den som søkjer ha utført dei fem punkta under. Alle som har undervising i stillinga si, kan søke om å bli merittert undervisar. Søknaden blir handsama av Vitskapleg utval ved DMMH.

Dei fem punkta er:

  1. Gjennomført praksisstipend på minst ei veke eller annan arbeidspraksis i barnehage.
  2. Gjennomført minst 30 stp i Universitets- og høgskule-pedagogikk.
  3. Dokumentert deltaking i kollegarettleiing i utdanningsfagleg verksemd i minst eitt studieår.
  4. Presentert på konferanse eller publisert ein artikkel frå eit utviklingsarbeid frå høgare utdanning.
  5. Skreve ein søknad om merittering der ein gjer greie for dei fire første punkta.

Utdjuping av dei fem punkta

Denne utdjupinga er ei rettesnor for Vitskapleg utval sin handsaming av søknadane, og det skjønn som skal utøvast ved tildeling.

Det første punktet handlar om å kjenne praksis som våre studentar skal ut i og slik kunne gjere undervisinga meir praksisrelevant.

Barnehagesektoren utviklar seg raskt, og vi ønskjer derfor relativt fersk praksis for å bli merittert undervisar. Erfaringa frå praksis bør derfor ikkje vere eldre enn ti år.

Det andre punktet er grunngjeve i at studium er den vanlege måten å opparbeide og validere læring. Som høgskule er dette hovudverksemda vår, og slik er det naturleg at våre tilsette også tek studiepoeng som del av vidareutdanning.

Studiet må vere avslutta før søknaden blir sendt. Studium tatt ved andre institusjonar kan komme i betraktning, men innhaldet og relevansen i studiet må kome tydeleg fram i søknaden.

Det tredje punktet gir samarbeid, deling og refleksjon rundt eigen praksis som kjem studentane direkte til gode. Reflekterande team som observerer kvarandre sin undervising og gir refleksjonar rundt undervisinga, løftar eigen undervising både for den som blir observert og den som observerer.
Det er berre institusjonsorganiserte reflekterande team, slik som kollegarettleiings-tilbodet ved DMMH, som skal telle. Dokumentasjonen kan vere ein prosessuell tekst.

Det fjerde punktet løfter det vitskaplege i det utdanningsfaglege. DMMH skal drive det utdanningsvitskaplege feltet vidare saman med universitet og høgskular både i Noreg og i utlandet. Som ein tilleggsverdi får ein inn fagfellevurdering  av fagfeller utanfor eigen institusjon som ein del av det faglege grunnlaget for merittering.

Det er positivt om utviklingsarbeidet er knytt til eigen undervising og at det har endra undervisinga til kandidaten. Artikkelen må vere fagfellevurdert og publisert på nivå. Foredraget må vere i ein konferanse med fagfellevurdering av abstrakt, eller kandidaten må vere invitert som ein hovudtalar på ein konferanse.

Det femte punktet visar at kandidaten klarar å reflektere skriftleg rundt eigen undervisingspraksis og demonstrer igjennom søknadsteksten at han / ho har utdanningsfagleg kompetanse som er meritterbar. I søknaden skal ein også legge vekt på særlege tilhøve som bruk av digitale verkty, studentaktive arbeidsformer, nye vurderingsformer o.l.
Søknaden skal vise korleis dei fem punkta er oppfylt, og kandidaten  sin refleksjon rundt vegen fram til søknaden.
Oppdatert