Facebook
Gå til innholdet
Lukk

Barne- og familieminister Kjersti Toppe

Gratulerer så mykje til Dronning Mauds Minne Høgskole med 75 år!
Dronning Mauds Minne er den einaste høgskulen i Noreg som har utdanning av barnehagelærarar som hovudoppgåve. Det er imponerande i seg sjølv - å vere ein utdanningsinstitusjon med 1400 studentar som spesialiserer seg på arbeid i barnehage og forsking på tidleg barndom, og som har gjort det i heile 75 år. Tenk kva for ein reise barnehagefaget har hatt sidan 1947, og de har vore viktige heile vegen!
Eg veit at de jobbar både for å ivareta barns rettskrav og behov og for å løfte fram barneperspektivet i samfunnet. De gjer eit svært viktig arbeid for barnehagebarn, først og fremst i Noreg, men òg i andre land gjennom internasjonalt samarbeid. Dette er imponerande og prisverdig.

Dei første leveåra er barna i ei rivande utvikling, og det er helt avgjerande at dei blir møtt av vaksne som har kompetanse på deira behov for både omsorg og leik, og kva barna treng for å utvikle seg i samsvar med eigne anlegg og interesser. Derfor er barnehagelærarane så viktige. Gode barnehagar med eit innhald av høg kvalitet får vi gjennom tilsette med god kompetanse om korleis ein kan leggje til rette for eit godt barnehagemiljø som støttar opp under utviklinga og læringa for alle barn. Barnehagelærarane er også heilt sentrale i arbeidet for, og med, å ta vare på dei aller mest sårbare barna.

Eg er takksam for at vi har ein høgskule som Dronning Maud her i landet. Det å ha eit så anerkjent og godt fagmiljø som de tilbyr studentane bidrar til at vi rundt omkring i barnehagar i heile landet har pedagogar med spesialisert og god kompetanse på noko av det viktigaste vi har, nemleg barna våre.

Eg ønskjer dykk til lykke med feiringa i år!
Helsing
Barne- og familieminister Kjersti Toppe
 
Publisert: 22.05.2022 22:00
Ønsker du mer informasjon om dette temaet? Kontakt en av våre eksperter